Handball for alle

Økonomi skal ikkje avgjere om eit barn får spele handball.

To vegar til støtte

Vi vil at alle barn og unge skal få vere med, uansett kva familien har råd til. Du kan bruke begge ordningane.

Fritidskortet

Kommunen dekkjer kontingenten. Du registrerer det sjølv i Friskus.

Søk støtte frå klubben

For utstyr, turneringar eller anna som Fritidskortet ikkje dekkjer.

Fritidskortet

2 000 kr

per halvår, per barn

Ei støtteordning frå Kvinnherad kommune for familiar med barn mellom 6 og 18 år, til trenings- og medlemskontingent. Ordninga er behovsprøvd og tillitsbasert, og du registrerer ho sjølv i Friskus.

Fritidskortet dekkjer også lisensen, ikkje berre kontingenten. Vel å betale via nettbanken i staden for kort når du betaler lisensen i MinIdrett, og bruk referansen du får der i Friskus – same prinsipp som over. Prisar og betalingsmåtar for lisensen endrar seg frå sesong til sesong, så sjekk kva som gjeld no.

Har du alt betalt lisensen sjølv? Fritidskortet refunderer i utgangspunktet ikkje det som alt er betalt, men Frivilligsentralen kan gjere unntak – ta kontakt med dei. Har familien framleis ikkje råd, kan klubben søkje om eiga lisensstøtte for spelaren hos NHF – frist 1. oktober. Ta kontakt med styret.

Steg for steg: betale med Fritidskortet

Gjer dette først: send ein e-post til kvinnherad@rvn.handball.no og be om faktura for årskontingenten. Skriv kva år det gjeld og namnet på barnet. Utan faktura kjem du ikkje vidare i Friskus.

  1. Gå til kvinnherad.friskus.com og trykk Logg inn øvst til høgre. Opprett brukar om du ikkje har frå før.
  2. Opprett Fritidskonto for barnet: Fritidskort → Fritidskonto. Du treng fødselsnummer eller D-nummer.
  3. Vel Fritidskort → Fritidskonto → Betale med Fritidskonto.
  4. Vel arrangør Kvinnherad Handballklubb, og kontroller at rett kontonummer kjem opp før du stadfestar.
  5. Vel barnet sin Fritidskonto.
  6. I feltet «Fakturanummer eller barnets namn» skriv du fakturareferansen nøyaktig slik han står på fakturaen. Døme: Fakturanr. 20.
Dei to felta i steg 6: fakturanummer og beløp
  1. Legg inn beløpet du vil bruke, og stadfest betalinga.
Friskus stadfestar at betalinga er registrert

Skriv fakturareferansen heilt nøyaktig. Gjer du ikkje det, blir betalinga ståande som ubetalt og må følgjast opp manuelt. Det tek normalt om lag ei veke frå du registrerer betalinga til klubben får pengane, og då blir avgifta oppdatert i Spond.