Kvinnherad Handballklubb er ein aktiv klubb med lag for jenter og gutar frå 6 år. Vi har også eit HU-lag. Klubben vart starta i 1992/3.
I ungdomsavdelinga er det full aktivitet. Vi har avdelingar i Rosendal, Halsnøy og Husnes. Ønskjer du å spele handball, sjekk speletilbodet vårt i Laga våre!
Vårt mål er at dei som startar med handball skal ha gleda av det og delta lenge. Det gjeld både dei som etter kvart ønskjer å satsa på ei handballkarriere, og dei som heller ønskjer å ha handballen som ein gjevande fritidsaktivitet og / eller som førebygging for god fysisk og mental helse. KHK ønskjer at vår aktivitet skal bidra til å skapa eit trygt og forutsigbart miljø for born og unge i Kvinnherad.
KHK vil satsa mot at alle kan oppleva å bli best mogleg ut frå sine forutsetningar. Vi takker alle lagsleiarar, trenarar og andre som legg ned ein formidabel innsats i klubben, og ønskjer alle ein fin og positiv handballsesong.
Handballskule i vinterferien 2019
I vinterferien vert det handballskule for jenter og gutar frå 6 til 11 år. 25.-26.-27. februar, kl. 9-15.