iDrift AS RSS Sidekart

KHK - Knarvik 26 - 14

Damelaget til KHK spela sin første kamp i 7. divisjon mot Knarvik i Nordhordlandshallen. Det vart seier til damelaget frå Kvinnherad 26 – 14.
 

Til pause var stillinga 15 – 4, så andre omgangen var javnspelt. Vi var trege i gang men etterkvar sat spelet framover. Mykje fint spel i første omgang, litt slappare etter kvilen.  Det var bra  forsvarspel  gjennom heile kampen og det skapet ein del kontringar som ikkje alltid resulterte i mål. Mykje nerver og slurv som vil forsvinne etter kvart. Kjekt å sjå kor lett Bertine fell inn i spelet til dei «litt» eldre spelarane. Mål: Gitte 8 mål, Bertine 6, Janniche 6 spelemål og 2 på straffe. Marte 2, Mariann 1 og Renate 1. Thea og Marlene stod  i mål (ikkje samtidig) og elles var Margrethe, Martine, og Herborg med. Herborg spela sin første damekamp. Det var godt å kome igong, og vi er mykje betre trent no enn på same tid i fjor.

 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende

22.01.2019
Handballskule i vinterferien 2019
I vinterferien vert det handballskule for jenter og gutar frå 6 til 11 år. 25.-26.-27. februar, kl. 9-15.
11.01.2019
Gullserien laurdag 19. jan. Husneshallen
6 kampar i gullserien
14.09.2018
Seriestart søndag 16. sept. Husneshallen
Handballensdag og kamp KHK - Eidsvåg.
24.04.2018
Påmelding til ferieklubben er åpen
Kvinnherad handballklubb også i år vil arrangere ferieklubb for 2.-5. trinn (7-10 år), i vekene 26, 32 og 33.
15.01.2018
Rema 1000 Handballskule i vinterferien
I vinterferien vert det handballskule for jenter og gutar frå 6 til 11 år.26.-27.-28. februar, kl. 9-15.
Hovudsponsorar
SKL
Sparebank1 SR-Bank
Kontakt oss

Adresse:

Kvinnherad Handballklubb

Postboks 296

5480 Husnes





Telefon: 941 81 752 (leiar Janniche Haugland)



Sjå også under Kontakt oss