iDrift AS RSS Sidekart

Nordre-Holsnøy mot Khk

Khk vant 22-23 over Nordre-Holsnøy i Meland aktiv. Kampen var veldig spennande frå start til slutt.
 

KHK starta bra og stillinga var 3 - 7  etter 10 min, men Nordre-holsnøy slo tilbake og utlikna til pausen (12-12).

 

Andre omgang starta akkurat som den første, KHK leia raskt med 3 mål, men etter 15 min var det jevnt igjen. KHK tok teamout og rykka frå etter den, men fikk aldri meir enn 2 måls leiing, men så nokre minutt før slutt klarte dei å utlikne, men vi klarte i slutt minutet å skora eitt mål og vonne kampen.

 

KHK for dårlege perioder i begge omgangane, grunnen kan vere att vi vert for ivrige når vi leiar med nokre mål, og avslutningane kom då for tidleg. Så var det og tekne litt for store sjansar i kontringsfasen. I tillegg hadde laget problem med å lage mål frå kant. Men laget la ned kjempe jobb i forsvar og ga aldri opp.

 

Thea i mål hadde nokre kjempe reddningar i andreomgangen som gjorde at Nordre-Holsnøy aldri kom foran oss. Så må Susanne nemnast, som har vore i Frankrike i nesten to veker, og likevel dunka inn12 mål, av dei tre på straffe og nokre kontringsmål. Jannice styrte spelet nesten heile kampen og klarte å skore 5 mål to av dei på straffe. Mariann hadde 1 Gitte 3 og Jeanette 2. I dag fikk vi til litt linjespel som vart mål eller straffe.

 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende

22.01.2019
Handballskule i vinterferien 2019
I vinterferien vert det handballskule for jenter og gutar frå 6 til 11 år. 25.-26.-27. februar, kl. 9-15.
11.01.2019
Gullserien laurdag 19. jan. Husneshallen
6 kampar i gullserien
14.09.2018
Seriestart søndag 16. sept. Husneshallen
Handballensdag og kamp KHK - Eidsvåg.
24.04.2018
Påmelding til ferieklubben er åpen
Kvinnherad handballklubb også i år vil arrangere ferieklubb for 2.-5. trinn (7-10 år), i vekene 26, 32 og 33.
15.01.2018
Rema 1000 Handballskule i vinterferien
I vinterferien vert det handballskule for jenter og gutar frå 6 til 11 år.26.-27.-28. februar, kl. 9-15.
Hovudsponsorar
SKL
Sparebank1 SR-Bank
Kontakt oss

Adresse:

Kvinnherad Handballklubb

Postboks 296

5480 Husnes





Telefon: 941 81 752 (leiar Janniche Haugland)



Sjå også under Kontakt oss