iDrift AS RSS Sidekart

Her finn du oss

Husneshallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.
Husneshallen

Alle kampar finn stad i Husneshallen. Den ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) på tettstaden Husnes i Kvinnherad kommune. Sjå kart her.

 
Det er greit å kome seg til Husnes, om du så kjem sørfrå eller nordfrå. Reiseruter fylgjer under.
 
Nedst på sida finn du ein link til Norled og Skyss, der du finn aktuelle ferje- og busstider.
 
 

Reiserute frå Bergen

Det finnes tre val, og vala avheng av om du vil sitte meir på ferje enn i bil. Same kva veg du tek skal du rekne deg omlag 3 timar. Husk å skjekke ferjetid.

Val 1:

E39 til Halhjem - ferje til Sandvikvåg - E39 til Skjersholmane - ferje til Ranavik - følg vegen mot Rosendal - køyr gjennom undersjøisk tunnel - etter tunnelen følges vegen mot Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Val 2:

E39 til Hatvik - ferje til Venjaneset - RV552 til Eikelandsosen - RV48 til Gjermundshamn - ferje til Årsnes - følg vegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule. 

Val 3:

E39 / E16 til Arna - E16 / RV 7 til Tysse -  RV48 til Gjermundshamn - ferje til Årsnes - følg vegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

 

Reiserute frå Haugesund

 

Frå Haugesund kan du rekne deg omlag 1 1/2 time til Skånevik (reiseval 1) og 1 time til Skjersholmane (val 2). Husk å skjekke ferjetid.  

Val 1:

E134 / Haukelivegen - ta av og følg RV48 til Skånevik - ferje til Utåker - følg RV48 til avkjørsel for Husnes. Eventuelt kan du ta av mot Sunde og følgje Opsangervegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Val 2:

E39 til Stord - ferje frå Skjersholmane til Ranavik - følg vegen mot Rosendal - køyr gjennom undersjøisk tunnel - etter tunnelen følges vegen mot Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

 

Ferjeruter og bussruter

Norled
 
Skyss
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende

03.04.2017
Ferieklubb i sommarferien 2017
Kvinnherad handballklubb vil i år arrangere ferieklubb i sommarferien.
14.02.2017
Handballskule i vinterferien 2017
KHK arrangerer handballskule i vinterferien. Handballskulen er eit tilbod til alle gutar og jenter, enten dei er medlem av handballklubben eller ikkje. Påmelding!
22.11.2016
Arbeidsmøte om barnefattigdomsprosjekt
Kvinnherad Handballklubb er med i Kvinnherad Kommune sitt prosjekt om barnefattigdom. Tysdag kveld var lagleiarar og trenarar samla til møte om korleis KHK skal møte desse utfordringane. 
25.08.2016
Treningstider 2016
19.06.2016
Påmelding til Ferieklubb 2016
Kvinnherad handballklubb vil i år arrangera ferieklubb.
Hovudsponsorar
SKL
Sparebank1 SR-Bank
Kontakt oss

Adresse:

Kvinnherad Handballklubb

Postboks 296

5480 Husnes



Telefon: 942 88 606 (leiar Merete Lillesand)

Sjå også under Kontakt oss