iDrift AS RSS Sidekart

Dikt om KHK

Ein ivrig supporter har laga følgjande dikt om KHK.
 

KHK

Opp og fram med stål i blikk
ingenting kan her slå klikk
Tapar me ein kamp ein gong
vert det straks ein seierssong
når den neste kamp er slutt
har me spelt med fart og futt,
sikra vår tabellvisjon:
Me går opp ein divisjon!

 


Kvite nede, oppe blå,
det er oss i KHK
Ingen kan oss stoppa
tabellen vil me toppa
Ingen, ingen skal oss slå
Me er- me er KHK!

 


Opp og fram i tøffe tak
dette er ein felles sak
Tapar me ein dårleg dag
møter du eit beinhardt lag
neste motstandar får svi
Kvifor, spør dei, jo, fordi
me har ein tabellvisjon:
Me vil opp ein divisjon!

 


Kvite nede, oppe blå,
det er oss i KHK
Ingen kan oss stoppa
tabellen vil me toppa
Ingen, ingen skal oss slå
Me er- me er KHK!

 


Hei oss fram i kampen vår
hjelp oss gjennom slag og sår
då skal du få i retur
flotte jenter i dressur
som vil dra i samla flokk
la vår motstandar få sjokk
det er faktisk vår misjon:
Laget opp ein divisjon!

 


Kvite nede, oppe blå,
det er oss i KHK
Ingen kan oss stoppa
tabellen vil me toppa
Ingen, ingen skal oss slå
Me er- me er KHK!

 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende

14.09.2018
Seriestart søndag 16. sept. Husneshallen
Handballensdag og kamp KHK - Eidsvåg.
24.04.2018
Påmelding til ferieklubben er åpen
Kvinnherad handballklubb også i år vil arrangere ferieklubb for 2.-5. trinn (7-10 år), i vekene 26, 32 og 33.
15.01.2018
Rema 1000 Handballskule i vinterferien
I vinterferien vert det handballskule for jenter og gutar frå 6 til 11 år.26.-27.-28. februar, kl. 9-15.
15.01.2018
Gratis handballskule på Husnes og Halsnøy
Oppstart januar 2017.
21.11.2017
Foreina får gåve frå SpareBank 1-stiftinga
I går kom SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad på overraskande besøk til KHK Foreina.
Hovudsponsorar
SKL
Sparebank1 SR-Bank
Kontakt oss

Adresse:

Kvinnherad Handballklubb

Postboks 296

5480 Husnes





Telefon: 941 81 752 (leiar Janniche Haugland)



Sjå også under Kontakt oss