iDrift AS RSS Sidekart

Foreldrevet

Har du eit barn som spelar handball?
 

Då må du hugse at du har ansvar ved å framstå som eit godt førebilete for gode og sunne haldningar. Idrett er i seg sjølv haldningsskapande, og i Kvinnherad Handballklubb ynskjer vi å skape eit godt og trygt idrettsmiljø. 

 

Engasjerte foreldre er veldig positivt, og er ein viktig føresetnad for å drive barneidrett. Barna set stor pris på at foreldra er tilstade både på kampar og trening.

 

Diverre får dette engasjementet av og til negative utslag som går ut over trenarar, spelarar, dommarar eller liknande. For å forebyggje slik uønska framferd har vi teke i bruk desse 'køyrereglane' som vi oppmodar foreldra til å fylgje:

 

1. Møt fram til kamp - barna ynskjer det

2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen - ikkje berre dei du kjenner

3. Oppmuntre i både medgang og motgang - ikkje gje negativ kritikk

4. Respekter lagleiars bruk av spelarar - ikkje forsøk å påverke han/henne under kampen

5. Sjå på dommaren som ein rettleiar - ikkje kritiser avgjerslene hans/hennar

6. Stimuler og oppmuntre barnet ditt til å delta - ikkje press det

7. Spør om kampen var morosom og spanande - ikkje berre om resultatet

8. Sørg for rett og fornuftig utstyr - ikkje overdriv

9. Vis respekt for arbeidet som klubben gjer - ta initiativ til årleg foreldremøte for å avklare haldninger og ambisjonar

10. Tenk på at det er barnet ditt som spelar handball - ikkje du

 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende

14.09.2018
Seriestart søndag 16. sept. Husneshallen
Handballensdag og kamp KHK - Eidsvåg.
24.04.2018
Påmelding til ferieklubben er åpen
Kvinnherad handballklubb også i år vil arrangere ferieklubb for 2.-5. trinn (7-10 år), i vekene 26, 32 og 33.
15.01.2018
Rema 1000 Handballskule i vinterferien
I vinterferien vert det handballskule for jenter og gutar frå 6 til 11 år.26.-27.-28. februar, kl. 9-15.
15.01.2018
Gratis handballskule på Husnes og Halsnøy
Oppstart januar 2017.
21.11.2017
Foreina får gåve frå SpareBank 1-stiftinga
I går kom SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad på overraskande besøk til KHK Foreina.
Hovudsponsorar
SKL
Sparebank1 SR-Bank
Kontakt oss

Adresse:

Kvinnherad Handballklubb

Postboks 296

5480 Husnes





Telefon: 941 81 752 (leiar Janniche Haugland)



Sjå også under Kontakt oss