Kvinnherad Handballklubb har gleda av å invitere alle 1. klassingar til handballdag!

Laurdag 25. september kl. 14.30 i Husneshallen

Denne dagen får du prøve korleis det er å spela handball.
Vidare kan du melde deg på handballtrening for 1. klassingar. Om mange nok melder seg på trening og føresette vil vera trenar, blir det trening i gymsalen på Undarheim tysdagar frå kl. 16.00 til 17.00.

Denne dagen kan du i tillegg få sjå damelaget til Kvinnherad Handballklubb i aksjon!

Program for dagen:
Kl. 1430: Oppmøte og registrering
Kl. 1500 – 1600: Handball, leik og moro
Kl. 1600 – 1620: Moglegheit for påmelding
Kl. 1650: Damelaget spelar kamp

Handballklubben har fokus på idrettsglede, leik og utvikling av ballkontroll dei første åra. Me legg til rette for eit godt og inkluderande miljø, og håper du vil vera med oss.

For foreldre som stiller som trenarar så stiller Kvinnherad Handballklubb med klede, kurs, materiell og nødvendig info. Ein treng inga erfaring for å vere trenar. Det trengs to trenarar og ein lagleiar.

Om du ikkje har høve til møte er det sjølvsagt mogleg å melde seg på ved å ta kontakt med klubben.

Vi gler oss til å sjå akkurat deg, og håper du vil vera med oss på handballdag! Ta med deg mamma, pappa, tanter, onklar, besteforeldre eller andre føresette.

De er hjarteleg velkomne.

Covid-retningslinjer:
Er du sjuk, bli heime. Hugs handhygiene og sprit. Hald avstand.
Alle som møter opp i Husneshallen må registrere seg ved ankomst.
Ta gjerne kontakt om de har spørsmål

Daniel Haugland – tlf 48224895 eller Lillian Gjuvsland – tlf 48228198
Kvinnherad Handballklubb