
For føresette
Alt du treng å vite som forelder i klubben.
Takk for at de stiller opp
Alt vi får til for born og unge i Kvinnherad Handballklubb er takka vere dykk føresette. Engasjerte foreldre er ein føresetnad for barneidretten, og borna set stor pris på at de er der – på trening like mykje som på kamp.
Trening og Spond
Finn treningstidene og Spond-gruppa til laget ditt.
Dugnadsvakta mi
Sjå kva rolla di inneber før du møter i hallen.
Handball for alle
Les om støtteordningane klubben viser vidare til.
Dette bør du kjenne til om arrangement
Mange små bidrag
Jo fleire som er med på gjennomføringa, jo mindre blir det på kvar enkelt.
Lagleiar fordeler
Lagleiar set opp lista over kven som gjer kva. Passar det ikkje, byter du med nokon andre sjølv.
Òg bortelag mot bortelag
Det kjem lag som møter kvarandre både før og etter at KHK speler. Vakta di gjeld dei kampane også.
MinIdrett viser berre oss
Appen viser berre KHK sine kampar.
Foreldrevettreglane gjeld alle
Både heimelag og bortelag. Dei ti reglane står nedst på sida.
Kva rollene inneber
Rigging, kiosk, sekretariat og resten er skildra kvar for seg.
Dei ti foreldrevettreglane
01
Møt fram til kamp
Barna ynskjer det.
02
Gje oppmuntring til alle spelarane
Ikkje berre dei du kjenner.
03
Oppmuntre i medgang og motgang
Ikkje gje negativ kritikk.
04
Respekter lagleiars bruk av spelarar
Ikkje forsøk å påverke under kampen.
05
Sjå på dommaren som ein rettleiar
Ikkje kritiser avgjerdene.
06
Stimuler barnet til å delta
Ikkje press det.
07
Spør om kampen var morosam
Ikkje berre om resultatet.
08
Sørg for rett og fornuftig utstyr
Ikkje overdriv.
09
Vis respekt for arbeidet klubben gjer
Ta initiativ til årleg foreldremøte.
10
Hugs at det er barnet ditt som spelar
Ikkje du.
