
Bli medlem
Vi tek imot nye spelarar heile året. Du treng verken erfaring eller utstyr.
Klar for handball?
Innmeldinga tek eit par minutt. Vil du prøve først, er du velkommen på ei trening – heilt uforpliktande.
Slik kjem du i gang
01
Finn laget
Laga er delte etter årskull. Sjå kva tid gruppa til barnet ditt trenar.
02
Kom på ei trening
Dei første gongene er heilt uforpliktande. Ta med innesko og drikkeflaske.
03
Meld deg inn
Innmelding, beskjedar og betaling frå klubben går gjennom Spond.

Alle skal kunne spele handball
Økonomi skal ikkje avgjere om eit barn får vere med. Klubben har gode ordningar for familiar som treng det, mellom anna Fritidskortet og «Handball for alle».
Kva det kostar
Satsane blir fastsette av årsmøtet og gjeld per år. Klubben har ingen treningsavgift i tillegg – kontingenten er alt du betaler.
600 kr
Medlemsavgift
Ordinær sats per spelar per år.
300 kr
Born av trenar, lagleiar eller styremedlem
Halv sats.
50 kr
Trenarar, lagleiarar og styremedlemmer
Eige medlemskap i klubben.
250 kr
Støttemedlemskap
Valfritt, for deg som vil støtte klubben.
Har du spørsmål?
Er du usikker på kva laget ditt heiter, eller kva som passar, spør oss.
