
Reise og reiserekning
Retningslinjer for reise, og korleis du får dekt utlegga dine.
Skal laget på tur?
Retningslinjer, eigendel og kven som får dekt kva.
Har du lagt ut?
Slik fyller du ut og leverer reiserekning.
Skal du finne fram?
Køyreruter frå Bergen og Haugesund.
Kor speler vi?
Adresse og kart til Kvinnherad Arena
Alle kampane våre går i Kvinnherad Arena, som ligg på Husnes i Kvinnherad kommune. Husneshallen brukar vi berre til nokre treningar.
Adresse og kart står på Tilreisande lag. Kva som går i hallen kvar dag ser du i banedagboka.
Frå Bergen
Tre køyreruter, om lag tre timar
Vala skil seg mest i kor mykje av turen du sit på ferje. Rekn om lag tre timar same kva du vel.
Sjekk ferjetidene før du reiser.
Val 1
E39 til Halhjem – ferje til Sandvikvåg – E39 til Skjersholmane – ferje til Ranavik – følg vegen mot Rosendal – gjennom den undersjøiske tunnelen – følg så vegen mot Husnes.
Val 2
E39 til Hatvik – ferje til Venjaneset – RV552 til Eikelandsosen – RV48 til Gjermundshamn – ferje til Årsnes – følg vegen til Husnes.
Val 3
E39 eller E16 til Arna – E16 eller RV7 til Tysse – RV48 til Gjermundshamn – ferje til Årsnes – følg vegen til Husnes.
Frå Haugesund
To køyreruter, ein til halvannan time
Rekn om lag halvannan time til Skånevik, eller ein time til Skjersholmane.
Sjekk ferjetidene før du reiser.
Val 1
E134 Haukelivegen – ta av og følg RV48 til Skånevik – ferje til Utåker – følg RV48 til avkøyrsla for Husnes. Du kan òg ta av mot Sunde og følgje Opsangervegen til Husnes.
Val 2
E39 til Stord – ferje frå Skjersholmane til Ranavik – følg vegen mot Rosendal – gjennom den undersjøiske tunnelen – følg så vegen mot Husnes.
Reise som lag
Personbilar, eigendel og kven som får dekt kva
Laget reiser med spelarar, trenarar og lagleiar. Har laget heiagjeng med, betaler dei turen sjølve.
- Fyll opp bilane, så de slepp å reise med fleire enn de treng.
- Sjåførar får dekt ferje og bom, men ikkje kilometergodtgjersle og drivstoff. Køyringa går på omgang mellom dei føresette.
- Føresette som køyrer, betaler ikkje eigendel for sitt eige barn.
- Trenarar og lagleiarar som køyrer til kamp får kilometergodtgjersle, 3,50 kroner per km.
Eigendel
Eigendelen for spelarar er 100 kroner når laget reiser med personbilar. Speler du på fleire lag, betaler du berre eigendel når du reiser med ditt eige lag.
Eigendelen kan vippsast til Kvinnherad Handballklubb, vippsnummer 123479. Ta skjermbilete av betalinga og vis han til lagleiar.
Lagleiar kan i staden opprette ein eigen konto for eigendelar. Kvart lag avgjer sjølv korleis dei vil gjere det.
Reise på eiga hand
Gjeld som oftast dei yngste, opp til 9 år
Vi oppmodar føresette om å bli med dei yngste spelarane på kamp. Då betaler du turen sjølv. Gå gjerne saman om køyringa.
Minibuss
Eigendel og kva bussen kostar klubben
Eigendelen er 200 kroner per spelar når laget reiser med minibuss. Pengane går til å fylle drivstoff etter heimkomst.
Bussen kan leigast frå to stader. Begge krev at han blir fylt med diesel før levering.
Alternativ 1
Frivilligsentralen Husnes, Lonabrotet. Kr 1 000,- per dag.
Kontaktperson: Bente Nilsen, bente.nilsen@kvinnherad.kommune.no, 474 88 596.
Alternativ 2
Halsnøy Idrettslag, Eidsmarka. Kr 1 000,- per dag, pluss kr 5,- per km.
Kontaktperson: Widar Irgens, 942 79 890.
Reiserekning
Slik får du pengane tilbake
Fyll ut skjemaet, lagre det som PDF og send det til kvinnherad@rvn.handball.no.
Sjåførar som har lagt ut for ferje og bom, sender reiserekninga til same adressa.
Spørsmål om reise?
Ta kontakt med lagleiar eller styret.
