Kvinnherad Handballklubb benyttar Spond som verktøy for organisering av lag og aktivitetar, samt som kommunikasjon mellom lagleiarar, trenarar, medlemmer og foreldre.

Spond gjør lagidrett til en lek - Telenor

Kvifor vel KHK å benytte Spond?

  1. Spond overstemmer med GDPR-lovgjevinga som KHK må fylgje.
  2. Moglegheita for å lage skreddersydde arrangement for grupper, samt dele informasjon, filer, bileter og meiningsmålingar.
  3. Mange føresatte med born i andre idrettslag er allereie vane med bruken av Spond.
  4. Tryggje at alle spelarar og foreldre er oppdatert.
  5. Tidsbesparande kommunikasjon for trenarar og lagleiarar.
  6. Betre oversikt for trenar og lagleiar om kven som kan delta.
  7. Integrert løysing for dugnad gjennom Spond.
Spond – Mer tid til det du elsker.

Gruppelenker:

Jenter og gutar 2016https://group.spond.com/ZBJXL
Jenter og gutar 2015https://group.spond.com/DEVVC
Jenter og gutar 2014https://group.spond.com/HEIYA
Jenter 2013https://group.spond.com/UMWKP
Jenter 2012https://group.spond.com/NPHZS
Jenter 2011https://group.spond.com/HISMJ
Jenter 2010https://group.spond.com/FITWK
Jenter 2009https://group.spond.com/BLXEJ
Jenter 2008https://group.spond.com/NXEBR
Jenter 2007 og 2006https://group.spond.com/HWYQR
Trenarar og lagleiararhttps://group.spond.com/RWMGY

Spørsmål og svar

Treng eg å bruke appen for å bruke Spond?

Nei, men det forenklar bruken. Det er mogleg å motta varslar på epost, samt logge inn på https://spond.com/login for å svare.

Kostar det pengar?

Nei, Spond er gratis å laste ned og å bruke. Spond sin forretningsmodell er basert på inntekter gjenom ei transaksjonsavgift for dei lag som vel å samle inn pengar for laga sine gjennom appen.

Korleis blir eg eller bornet mitt medlem av ei gruppe?

Ein gruppeadministrator kan invitere deg anten ved å bruke kontaktinformasjonen din, eller ved å dele ei gruppelenke /-kode med deg.

Kan eg skjula kontaktinformasjonen min frå andre gruppemedlemmar?

Ja, det er mogleg. For veivising på korleis du gjer det sjå: https://spond.com/faq

Kvifor finn eg ikkje ei gruppe?

Det er ikkje mogleg å manuelt søke på ei spesifikk gruppe, ettersom Spond kun lagar lukka grupper. Du blir automatisk lagt til om du blir invitert av ein gruppeadministrator. Om du ikkje er blitt lagt til kan du kontakte trenar eller lagleiar og be om å få gruppelenkje.

Korleis virkar appen for meg som verge?

Som verge vil du få moglegheita til å styre alle deler ved bornets Spond-invitasjonar og få varslingar når ny informasjon blir lagt til gruppa. Om bornet er gammalt nok til å svare sjølve, er det også mogleg å legge til kontaktinformasjonen til bornet (medlemmet). Det er inga grense på kor mange verger kvart born kan ha.

Kan eg synkronisera Spond med min eigen kalender?

Ja! Dersom du har Spond-appen.

Eg treng hjelp knytt til Spond

Sjekk ut Spond sine hjelpesider på https://get.spond.help/l/no, evt. ta kontakt med klubben.