Dugnad og arrangement

Har du fått vakt? Vel rolla di, så får du berre det du treng å vite.

Neste arrangement

For arrangementsansvarleg i klubben. Viser neste heimearrangement, henta frå banedagboka og oppdatert kvar dag.

21nov

NesteLaurdag 21. november · Kvinnherad Arena og Husneshallen · 11 kampar · frå kl. 11:00

DamelagetHjerteligaen

  • Dørene må vere opne kl. 10:00–16:00.
  • Det blir spelt på 3 flater, så de treng 3 hallvakter og 3 Fair Play-vertar.
  • KHK-lag som spelar: Foreina, Damelaget.

Arrangementa etter dette

  • Søndag 22. november1 kamp · Husneshallen · dører 11:00–13:00
  • Laurdag 5. desember3 kampar · Kvinnherad Arena · dører 11:00–17:00
  • Laurdag 16. januar6 kampar · Kvinnherad Arena · dører 11:00–17:00
  • Laurdag 30. januar3 kampar · Kvinnherad Arena · dører 11:00–17:00

Henta frå banedagboka på handball.no, oppdatert kvar dag. Sjå heile terminlista.

Dette er eit hjelpemiddel, ikkje fasiten – sjekk alltid Region Vest sin banedagbok før du stolar på tidspunkt og tal.

Kva skal du gjere?

Vel rolla di. Rollene står i den rekkjefølgja dei kjem i bruk gjennom dagen.

Arrangementsansvarleg · klubb

Overordna ansvar for at dagen går rundt – ikkje det same som lagleiar for laget på vakt.

Set opp lista over kva lag som har arrangementsansvaret når, og del ho i Spond-gruppa for trenarar og lagleiarar. Lagleiar for laget på tur fordeler så rollene vidare på dei vaksne rundt laget.

Nøklar og utstyr

Lagleiar hentar alt i det blå skapet før dagen startar, og deler det ut. Kortet derfrå opnar resten.

Kodeboksen ved garasjeporten til lageret, open med nøkkelen inni

Lageret

Kodeboksen på veggen – same kode som før. Nøkkelen inni opnar garasjeporten.

Det blå skapet på KHK-lageret

Blått skap

Lås opp med talkode på hengelåsen.

Halsreim med nøkkelkort og nøkkel

Halsreimen

Nøkkelkort og nøkkel på éi lenke, klar til bruk.

KHK si sekretariatsveske

Sekretariatsveska

Med PC-ane oppi – rett til sekretariatet.

Lånekort for dommarar

Lånekort dommere

Eige kort som opnar dommargarderoba.

Det svarte skapet på kopirommet

Kopirommet

Nøkkelen opnar svart skap. Hent vekslepengar og kioskvarer.

Kiosken

Nøkkelkortet opnar. Set frå deg varene.

Skapet i det sosiale rommet

Sosialt rom

Nøkkelkortet opnar. Hent sekretariatskofferten med styrepanelet.

Sekretariatet

Her møtest veska og kofferten. Kople opp PC-ane og styrepanelet før kamp.

Kva skjer i hallen i dag?

Banedagboka viser alt som går føre seg i hallen, òg treningar.