Dugnad og arrangement

Har du fått vakt? Vel rolla di, så får du berre det du treng å vite.

Neste arrangement

For arrangementsansvarleg i klubben. Viser neste heimearrangement, henta frå banedagboka og oppdatert kvar dag.

19sep

NesteLaurdag 19. september · Kvinnherad Arena · 13 kampar · frå kl. 11:00

J10J12J13J14Damelaget

Arrangementa etter dette

  • Søndag 27. september2 kampar · Kvinnherad Arena · dører 11:00–16:00
  • Laurdag 17. oktober2 kampar · Kvinnherad Arena · dører 11:00–18:00
  • Laurdag 24. oktober7 kampar · Kvinnherad Arena · dører 11:00–17:00
  • Laurdag 7. november4 kampar · Kvinnherad Arena · dører 12:00–18:00

Henta frå banedagboka på handball.no, oppdatert kvar dag. Sjå heile terminlista.

Dette er eit hjelpemiddel, ikkje fasiten – sjekk alltid Region Vest sin banedagbok før du stolar på tidspunkt og tal.

Kva skal du gjere?

Vel rolla di. Rollene står i den rekkjefølgja dei kjem i bruk gjennom dagen.

Arrangementsansvarleg · klubb

Overordna ansvar for at dagen går rundt – ikkje det same som lagleiar for laget på vakt.

Set opp lista over kva lag som har arrangementsansvaret når, og del ho i Spond-gruppa for trenarar og lagleiarar. Lagleiar for laget på tur fordeler så rollene vidare på dei vaksne rundt laget.
1

Meld frå til hallen

Send e-post til arena@kvinnherad.kommune.no så dørene står ulåste og prislista for kiosken blir vist på skjermane. Ferdig e-post med rette klokkeslett ligg under.

Ferdig e-post til Kvinnherad Arena

Fyll inn namnet ditt før du sender.

Hei,

Laurdag 19.09.2026 skal Kvinnherad Handballklubb ha heimekampar i Kvinnherad Arena. Fyrste kamp startar kl. 11:00 og den siste kl. 16:40.

Vi ber difor om at dørene er opne frå kl. 10:00 til kl. 18:00, og at prislista for kiosken blir vist på skjermane.

Med venleg helsing
[namnet ditt]
Lagleiar, Kvinnherad Handballklubb

Opne denne e-posten

Nøklar og utstyr

Lagleiar hentar alt i det blå skapet før dagen startar, og deler det ut. Kortet derfrå opnar resten.

Det blå skapet på KHK-lageret

Blått skap

Lås opp med talkode på hengelåsen.

Halsreim med nøkkelkort og nøkkel

Halsreimen

Nøkkelkort og nøkkel på éi lenke, klar til bruk.

KHK si sekretariatsveske

Sekretariatsveska

Med PC-ane oppi – rett til sekretariatet.

Lånekort for dommarar

Lånekort dommere

Eige kort som opnar dommargarderoba.

Det svarte skapet på kopirommet

Kopirommet

Nøkkelen opnar svart skap. Hent vekslepengar og kioskvarer.

Kiosken

Nøkkelkortet opnar. Set frå deg varene.

Skapet i det sosiale rommet

Sosialt rom

Nøkkelkortet opnar. Hent sekretariatskofferten med styrepanelet.

Sekretariatet

Her møtest veska og kofferten. Kople opp PC-ane og styrepanelet før kamp.

Kva skjer i hallen i dag?

Banedagboka viser alt som går føre seg i hallen, òg treningar.