
Tilreisande lag
Praktisk informasjon før kampdagen.
Alle kampane våre går i Kvinnherad Arena.

Kvinnherad Arena
Jens Røslands-vegen 60, 5460 Husnes
Når er hallen i bruk?
Dei neste kampdagane våre. Finn de ikkje kampen dykkar her, står heile terminlista eit klikk unna.
- Laurdag 19. september13 kampar · fyrste kamp kl. 11:00
- Søndag 27. september2 kampar · fyrste kamp kl. 12:00
- Laurdag 17. oktober2 kampar · fyrste kamp kl. 12:55
- Laurdag 24. oktober7 kampar · fyrste kamp kl. 12:00
Henta frå banedagboka på handball.no, oppdatert kvar dag. Sjå alle kampane.
Før de kjem
Innslepp
Ytterdøra er tidsstyrt. På kampdagar ber vi om at ho er open frå ein time før fyrste kamp.
Parkering
Det er parkering ved hallen. Sona rett ved inngangen er berre for av- og påstigning – set ikkje bilen igjen der.
Garderobar
Hallen har seks garderobar. Hallvakta står i inngangspartiet med refleksvest og viser dykk til rett garderobe.
Klister
Klister er berre lov på den inste klisterflata, ikkje i garderobane. Lag frå 15 år og oppover får dei tre inste garderobane, nærmast den flata.
Kiosk
Kiosken er open under arrangementa og tek Vipps og kontantar.
Spelarstall
Legg spelarstallen inn i TurneringsAdmin i god tid før kampstart, med trenarar og lagleiarar.
Har de spørsmål?
Kontaktpersonen for laget de skal møte står på lagsida til det laget. Får de ikkje tak i dei, ring styreleiar Daniel Haugland på 482 24 895.
