Reise og utlegg

Kva klubben dekkjer når laget reiser eller du har lagt ut for klubben, og korleis du får pengane tilbake.

Kva klubben dekkjer

Trenar og lagleiar

3,50 kr/km, ferje og bom

Forelder som køyrer

Ferje og bom

Utlegg for laget eller klubben

Mot kvittering

Minibuss

Leiga, og diesel mot kvittering

Heiagjeng og eiga hand

Betaler sjølv

Ferje etter AutoPASS-avtaleprisen for sambandet. Har du betalt meir, får du det mot kvittering. Utlegg kan vere mat og drikke på cup, overnatting, deltakarkort eller utstyr. Du vel sjølv om utlegget gjeld eit bestemt lag eller klubben generelt. Du kan sende for turar og utlegg inntil to år tilbake.

Slik går det

  1. Vel om det gjeld køyring, utlegg eller begge, og legg ved bilete av kvitteringane.
  2. Etter sending får du ei lenkje som viser kor rekninga står.
  3. Godkjend rekning går til utbetaling.
  4. Blir ho sendt tilbake, rettar du ho frå same lenkja.

Når laget reiser

Laget reiser med spelarar, trenarar og lagleiar. Fyll opp bilane, så de slepp å reise med fleire enn de treng. Køyringa går på omgang mellom dei føresette.

Vi oppmodar føresette om å bli med dei yngste spelarane, som oftast opp til 9 år. Då betaler du turen sjølv. Gå gjerne saman om køyringa.

Minibuss

Eigendelen er 200 kroner per spelar. Pengane går til å fylle drivstoff etter heimkomst. Trenar eller lagleiar legg inn betalingskrav for eigendelen i Spond. Speler du på fleire lag, betaler du berre eigendel når du reiser med ditt eige lag.

Leiga blir fakturert klubben, og det blir ingen kilometergodtgjersle. Har sjåføren betalt noko sjølv, til dømes diesel, blir det sendt som utlegg i reiserekninga.

Bussen kan leigast frå to stader. Begge krev at han blir fylt med diesel før levering.

Alternativ 1

Frivilligsentralen Husnes, Lonabrotet. Kr 1 000,- per dag.

Kontaktperson: Bente Nilsen, bente.nilsen@kvinnherad.kommune.no, 474 88 596.

Alternativ 2

Halsnøy Idrettslag, Eidsmarka. Kr 1 000,- per dag, pluss kr 5,- per km.

Kontaktperson: Widar Irgens, 942 79 890.

Spørsmål om reise? Ta kontakt med lagleiar eller styret.