For refusjon av reiserekning, fyll ut vedlagte skjema, lagre det som PDF og oversend til kvinnherad@rvn.handball.no

Reise som lag (med personbilar): 

Laget reiser med spelarar, trenarar og lagleiar. 
Om laget har heiagjeng med, så betaler dei turen sjølve.
Når ein reiser som eit lag, så fyller ein opp bilane. Unngå å reise med for mange bilar.    
Sjåførar får dekka ferjeutgifter og bomutgifter (ikkje kilometergodtgjersle og drivstoff). Køyring går på omgang blant foreldre. 
Dei foreldre/føresette som køyrer, betalar ikkje eigenandel for sitt barn. 
Sjåfør sender reiserekning på dette til: kvinnherad@rvn.handball.no 
Eigenandel for spelarar når ein reiser med personbilar er 100 kroner.  
Spelarar som spelar på fleire lag, betaler kun eigenandel ved reise med eige lag. 

Eigenandel kan betalast på Vipps. De kan «vippse» eigenandel til Kvinnherad handballklubb, vippsnr: 123479. Ta då skjermbilete av betalinga og vis til lagleiar. 

Lagleiar kan òg opprette eigen eigenandel-konto som dei kan betale inn/vippse eigenandelen til. Det vert opp til lagleiar om ein ynskjer ein slik konto. 

Lagleiar avgjer korleis ein vil gjere det med eigenandel på kvart einskild lag.

Trenarar og lagleiarar som køyrer til kamp får dekka kilometergodtgjersle. Kroner 3,50 pr km.   

Reise på eiga hand: (gjeld som oftast opp til 9 år) 

Me oppmodar føresette om å vera med dei yngste spelarane på kamp. Ein betalar då turen sjølv. Gå gjerne saman om å køyre. 

Minibuss:  

Om ein nyttar seg av minibuss, så er eigenandelen 200 kroner per spelar. 

Eigenandel vert nytta til å fylle opp drivstoff på minibussen etter heimkomst. 

Det kostar om lag 2000 kroner pr dag å leige minibussen til Halsnøy idrettslag (dette er utan sjåfør). Ferjeutgifter kjem i tillegg. Halsnøy idrettslag sender faktura til handballklubben på leige av buss og ferjeutgifter. 

Info:  

Halsnøy idrettslag har minibuss som dei leiger ut.  
Kontaktperson er: Dag Åsmund A. Sætre, tlf  907 55 272