Det nærmar seg sesongstart

Fyrste heimearrangement er laurdag 19. september, og då står det tolv kampar på programmet i Kvinnherad Arena.

J10, J12, J13, J14 og damelaget speler alle same dagen. Det blir ein lang laurdag i hallen – og ein god ein.

Treningane er i gang

Alle laga har starta opp igjen etter sommaren. Treningstidene for heile klubben står samla i vekeplanen, så du ser med ein gong kva tid gruppa di er i hallen.

Skal du på kamp?

Terminlista blir oppdatert automatisk kvar dag frå banedagboka på handball.no, så ho viser alltid det som faktisk er sett opp – òg kampar mellom to bortelag i vår eigen hall.

Har du lyst til å byrje med handball? Vi tek imot nye spelarar heile året, og dei fyrste gongene er heilt uforpliktande.