Kor finn du oss?

Alle kampar finn stad i Husneshallen. Den ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) på tettstaden Husnes i Kvinnherad kommune. Sjå kart her: KART

Korleis komme seg hit?

Det er greit å kome seg til Husnes, om du så kjem sørfrå eller nordfrå. Reiseruter fylgjer under. Trenger du linkar til reiseselskap kan du trykkja her: Lenker til reiseselskap.

Frå Bergen

Det finnes tre val, og vala avheng av om du vil sitte meir på ferje enn i bil. Same kva veg du tek skal du rekne deg omlag 3 timar.
NB! Husk å skjekke ferjetid.

Val 1:
E39 til Halhjem – ferje til Sandvikvåg – E39 til Skjersholmane – ferje til Ranavik – følg vegen mot Rosendal – køyr gjennom undersjøisk tunnel – etter tunnelen følges vegen mot Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Val 2:
E39 til Hatvik – ferje til Venjaneset – RV552 til Eikelandsosen – RV48 til Gjermundshamn – ferje til Årsnes – følg vegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Val 3:
E39 / E16 til Arna – E16 / RV 7 til Tysse – RV48 til Gjermundshamn – ferje til Årsnes – følg vegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Frå Haugesund

Frå Haugesund kan du rekne deg omlag 1 1/2 time til Skånevik (reiseval 1) og 1 time til Skjersholmane (val 2). Husk å skjekke ferjetid.

Val 1:
E134 / Haukelivegen – ta av og følg RV48 til Skånevik – ferje til Utåker – følg RV48 til avkjørsel for Husnes. Eventuelt kan du ta av mot Sunde og følgje Opsangervegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Val 2:
E39 til Stord – ferje frå Skjersholmane til Ranavik – følg vegen mot Rosendal – køyr gjennom undersjøisk tunnel – etter tunnelen følges vegen mot Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.