Har du eit barn som spelar handball?

Då må du hugse at du har ansvar ved å framstå som eit godt førebilete for gode og sunne haldningar. Idrett er i seg sjølv haldningsskapande, og i Kvinnherad Handballklubb ynskjer vi å skape eit godt og trygt idrettsmiljø.

Engasjerte foreldre er veldig positivt, og er ein viktig føresetnad for å drive barneidrett. Barna set stor pris på at foreldra er tilstade både på kampar og trening.

Diverre får dette engasjementet av og til negative utslag som går ut over trenarar, spelarar, dommarar eller liknande. For å forebyggje slik uønska framferd har vi teke i bruk desse ‘køyrereglane’ som vi oppmodar foreldra til å fylgje:

  1. Møt fram til kamp – barna ynskjer det
  2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen – ikkje berre dei du kjenner.
  3. Oppmuntre i både medgang og motgang – ikkje gje negativ kritikk.
  4. Respekter lagleiars bruk av spelarar – ikkje forsøk å påverke han/henne under kampen.
  5. Sjå på dommaren som ein rettleiar – ikkje kritiser avgjerslene hans/hennar
  6. Stimuler og oppmuntre barnet ditt til å delta – ikkje press det
  7. Spør om kampen var morosom og spanande – ikkje berre om resultatet.
  8. Sørg for rett og fornuftig utstyr – ikkje overdriv.
  9. Vis respekt for arbeidet som klubben gjer – ta initiativ til årleg foreldremøte for å avklare haldninger og ambisjonar.
  10. Tenk på at det er barnet ditt som spelar handball – ikkje du
Fotograf: Kvinnheringen