Opp og fram med stål i blikk
ingenting kan her slå klikk
Tapar me ein kamp ein gong
vert det straks ein seierssong
når den neste kamp er slutt
har me spelt med fart og futt,
sikra vår tabellvisjon:
Me går opp ein divisjon!

Kvite nede, oppe blå,
det er oss i KHK
Ingen kan oss stoppa
tabellen vil me toppa
Ingen, ingen skal oss slå
Me er- me er KHK!

Opp og fram i tøffe tak
dette er ein felles sak
Tapar me ein dårleg dag
møter du eit beinhardt lag
neste motstandar får svi
Kvifor, spør dei, jo, fordi
me har ein tabellvisjon:
Me vil opp ein divisjon!

Kvite nede, oppe blå,
det er oss i KHK
Ingen kan oss stoppa
tabellen vil me toppa
Ingen, ingen skal oss slå
Me er- me er KHK!

Hei oss fram i kampen vår
hjelp oss gjennom slag og sår
då skal du få i retur
flotte jenter i dressur
som vil dra i samla flokk
la vår motstandar få sjokk
det er faktisk vår misjon:
Laget opp ein divisjon!

Kvite nede, oppe blå,
det er oss i KHK
Ingen kan oss stoppa
tabellen vil me toppa
Ingen, ingen skal oss slå
Me er- me er KHK!