Alt me får til for born -og unge i Kvinnherad Handballklubb er takka være dykk føresette som stiller opp. Dette er me evig taksame for!

Her finn du nokre infopunkter du som føreset skal være kjent med når det kjem til gjennomføring av arrangement:

  • Jo fleire som bidrar med gjennomføringa, jo mindre arbeid blir det på kvar enkelt.
  • Det er lagleiar som set opp lister med ansvarsfordeling. Om oppsatt rolle og/eller tidspunkt ikkje passar så er det den enkeltes ansvar å bytte innbyrdes.
  • På arrangement så er det ikkje berre KHK sine lag man må ta hensyn til. Det kjem også bortelag som møter bortelag, både før og etter KHK spiller kamp. Ansvaret og rolla man har fått omfatter også desse kampane.
    • Merk at på MinIdrett så vises berre KHK sine kampar. For å få komplett oversikt må man orientere seg i banedagboka.
  • Alle føresette, både for heimelag og bortelag skal være kjent med, og følgje, foreldrevett-reglane.