Her finn du informasjon som er relevant for deg som har fått i rolle å stå i kiosken medan det pågår arrangement i Kvinnherad Arena.

På førehand må du ta deg ein tur innom kiosken for å sjekke at klubben har tilstrekkeleg med varer tilgjengelege. Dersom dette ikkje er tilfellet må du melde det vidare til kioskansvarleg som handlar inn det naudsynte. Kioskansvarleg kan bistå i kor mykje som trengs, så din jobb blir å orientere deg om kva som er tilgjengeleg på lageret.

Lageret med varer befinn seg på kopirommet i Kvinnherad Arena. Her skal du finne klassiske kioskvarer som brus, saft, iste, pølser og pølsebrød, vafler, sjokolade, chips, popcorn, drops og andre godsaker.

Merk at pølser og pølsebrød som regel ligg i frysaren.

Lageret er til ei kvar tid låst, og man treng nøkkelkort for å komme inn. Om du tek turen innom Kvinnherad Arena man – fre mellom 09 – 16 så er ansatte tilgjengeleg. Du kan også sende epost til arena@kvinnherad.kommune.no og spesifisere når du kjem innom, og om dei kan sørgje for at døra er ulåst. Alternativt kan du også komme innom medan J14 eller J15 har trening, så kan nokon derfra låse deg inn.

På arrangementdagen møter ansvarlege for kiosk opp om lag 1 time før første kamp, for å rigge i stand kiosken. Typisk vil dette være:

  • Hente og stille ut varer frå lageret
  • Koke pølser
  • Steike vafler
  • Koke kaffe

I sekreteriatskofferten som lagleiar har ansvar for å overbringe så finn ein vekslepenger for kontanter til kiosken. Utover dette benytter klubben Vipps med nummer 123479.

Har man behov for endring i Vipps-menyen, eller spørsmål om den så kontakt Vippsansvarlig i klubben.

Prisliste for kiosk som vises på skjermer melder lagleier inn til Kvinnherad Arena.