Som lagleiar så er du eit bindeledd mellom laget og dei føresette.

Du har eit overordna ansvar for å fordele ut oppgåver og difor er det spesielt viktig at du i god tid orienterer deg.

Her finn du ei liste over ting du må ta tak i for å sørge for at det blir eit vellykka arrangement:

  • Skaff deg oversikt over når ditt lag har sine heimekamper for sesongen. Det finnes mange verktøy for å gjøre dette:
    • Appen MinIdrett gir deg oversikt over når KHK spiller (men ikkje når bortelag spiller mot bortelag)
    • Banedagboka gir deg komplett oversikt over alle kamper som pågår den aktuelle dagen, også bortelag mot bortelag
    • Spond-gruppa for trenarar og lagleiarar gir deg oversikt over kva lag som har det overordna ansvaret og i kva tidsrom.
  • Skaff dommere! Dette gjelder deg som er lagleiar for lag til og med 12 år. For desse laga så er det KHK som sjølv stiller med dommere. Dette gjør du ved å sende epost til dommeransvarleg i klubben, med oversikt over kva kamper du treng dommere til. Hugs at du også treng dommere til når bortelag møter bortelag.
  • Sett opp dugnadsliste. Fordel føresette på ulike oppgåver og informer dei på Spond-gruppa. Informer om at føresette kan bytte seg sjølv innbyrdes dersom det ikkje skulle passe.
    • På rigging og rydding så bør det minimum være fem (5) føresatte på kvar del.
    • På kiosk og sekreteriat trengs det kun 2 stk.
    • Det trengs 1 stk hallvakt + 1 stk Fairplay-vert pr. flate som er i bruk.
Eksempel på dugnadsliste delt på Spond
  • Skaff på plass sekreteriatskofferten. Denne ligg til ei kvar tid på Rema1000 og er særs viktig. Den inneholder vekslepenger til kiosken samt pc-er som benyttes i sekreteriatet for lag eldre enn 13 år.
  • Meld inn til Kvinnherad Arena tidsrommet det skal være arrangement i og be om at dører forblir ulåste samt at prisliste for kiosk fremvises på skjermer. Dette gjer du ved å sende mail til arena@kvinnherad.kommune.no

Hei,

Laurdag 20.01.2024 skal KHK ha heimekampar i Kvinnherad Arena. Første kamp er kl 11 og siste kamp er kl 16. Ber difor om at dører er opne i intervallet 10 – 17, samt at prisliste for kiosk fremvises på skjermer.

Med venleg helsing,

Navn Navnesen

Lagleiar KHK J14

Eksempel på mail du kan sende til Kvinnherad Arena.