Kvinnherad Handballklubb (KHK) er stolte over å kunngjere at SpareBank 1 Sør-Noreg går inn som ny hovudsponsor for klubben. Etter mange år som ein viktig støttespelar, tar banken no samarbeidet til eit nytt nivå for å vidareutvikle handballen i Kvinnherad og styrke aktivitetstilbodet for born og unge.

Ein avtale for fellesskap og utvikling Den nye sponsoravtalen gir KHK økonomisk støtte til å realisere sitt mål om å skapa eit miljø der alle kan delta – både dei som ønskjer å satsa på ei handballkarriere, og dei som ser handballen som ein givande fritidsaktivitet. Klubben legg stor vekt på fysisk og mental helse og ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og føreseieleg miljø for born og unge i lokalsamfunnet.

“Vårt mål er at dei som startar med handball skal ha gleda av sporten lenge. SpareBank 1 Sør-Noreg sin støtte gjer det mogleg for oss å byggja vidare på denne visjonen og gje alle moglegheita til å bli best mogleg ut frå sine eigne forutsetningar,” seier sponsoransvarleg Kjetil Larsen i KHK.

SpareBank 1 Sør-Noreg deler klubben sitt fokus på fellesskap og utvikling.

“Me er stolte av å kunne styrka vårt samarbeid med KHK, ein klubb som bidreg til eit positivt og inkluderande miljø i Kvinnherad. Som lokalbank ønskjer me å støtta aktivitetar som gir born og unge trygge og gode moglegheiter til å utvikle seg, både på og utanfor banen,” seier banksjef Magne Christiansen i SpareBank 1 Sør-Noreg.

Handball for alle – eit felles løft for lokalsamfunnet KHK er ein breiddeidrettsklubb som ønskjer å gje eit tilbod til alle – frå talentfulle ungdomar med draumar om ein profesjonell karriere til dei som ser handball som ein sosial og helsefremjande aktivitet. Gjennom denne avtalen vil klubben kunne vidareutvikla både sportslege og sosiale tiltak som bidreg til idrettsglede, samhald og trivsel i kommunen.

Kontaktinformasjon:

  • Kjetil Larsen, sponsoransvarleg i KHK, telefon: 971 22 338, e-post: kvinnherad@rvn.handball.no
  • Magne Christiansen, banksjef i SpareBank 1 Sør-Noreg, telefon: 916 70 611, e-post: magne.christiansen@sr-bank.no