I Kvinnherad Handballklubb skal økonomi ikkje vere eit hinder for å drive med handball. Vi ønskjer at alle barn og unge skal få moglegheit til å vere med – uavhengig av familien sin situasjon.

Difor oppmodar vi alle som har behov for det om å bruke Fritidskortet.

Kva er Fritidskortet?

Fritidskortet er ei støtteordning frå Kvinnherad kommune for familiar med barn og unge i alderen 6–18 år som treng økonomisk støtte til å delta i organiserte fritidsaktivitetar.

Ordninga er behovsprøvd og tillitsbasert.
Kvart barn kan få refundert inntil 2 000 kroner per halvår (inntil 4 000 kroner per år i prøveperioden).

Støtta kan nyttast til å dekke:

  • treningsavgift
  • medlemskontingent
  • deltakaravgift på turneringar og arrangement
  • nødvendig utstyr knytt til aktiviteten

Meir informasjon om ordninga finn du på Kvinnherad kommune sine nettsider.

Slik brukar du Fritidskortet hos oss

Kvinnherad Handballklubb brukar Spond til utsending av trenings- og medlemsavgifter. Betaling via Fritidskort skjer gjennom Friskus, og du registrerer betalinga sjølv.

Les gjennom alle stega før du startar:

  1. Gå til: https://kvinnherad.friskus.com/
  2. Trykk LOGG INN øvst til høgre og opprett brukar dersom du ikkje har frå før.
  3. Opprett Fritidskonto for barnet/barna
    (Vel FRITIDSKORT i menyen → Fritidskonto).
    Du treng barnet sitt fødselsnummer/D-nummer.
  4. Vel: FRITIDSKORT → Fritidskonto → Betale med Fritidskonto
  5. Vel arrangør: Kvinnherad Handballklubb
    Kontroller at rett kontonummer kjem opp før du stadfestar.
  6. Vel barnet sin Fritidskonto.
  7. I feltet «Fakturanummer eller barnets namn» skriv du presist:
    Barnets namn, fødselsår og kva betalinga gjeld. Døme:
    Ola Olsen, 2016, Kontigent vår 2026
    Kari Hansen, 2012, Kontigent 2026
  8. Legg inn beløpet du ønskjer å bruke frå Fritidskortet.
  9. Stadfest betalinga.

Viktig informasjon

  • Ver nøye med teksten du legg inn i betalingsfeltet. Vi må knyte betalinga manuelt mot rett avgift i Spond.
  • Vi oppmodar om at Fritidskortet i hovudsak blir brukt til større beløp, som kontigent eller turnering, då dette forenklar administrasjonen.
  • Det tek normalt om lag éi veke frå du registrerer betalinga i Friskus til klubben mottar midlane.
  • Når vi har mottatt betalinga, blir avgifta manuelt oppdatert i Spond.
    • Har du betalt heile avgifta, blir ho registrert som «betalt».
    • Har du betalt delar av avgifta, blir restbeløpet oppdatert i Spond.