Hallvakt og Fairplay-vert
Denne sida gjelder for deg som har rolla som hallvakt eller Fairplay-vakt når vi har arrangement i Kvinnherad Arena.
Gjeldende for begge roller så skal man være godt synlig ved bruk av egen refleksvest. Denne skal være tilgjengeleg på klubbens hovudlager nede på flata, lengst vekke frå kiosk og inngang.
Hallvakt
Som hallvakt har du ansvar for å tildele og merke dei seks (6) garderobene for alle laga som kjem til Kvinnherad Arena den dagen for å spele kamp. Her bruker du banedagboka for å orientere deg over både heimelag og bortelag. KHK sine lag kan nytte same garderobe dersom det er mange lag som skal på besøk.
Lag som benytter klister, det vil seie J15 og eldre, skal alltid tildeles dei tre (3) innerste garderobene, lengst vekke frå hovudinngangen.
Som hallvakt er du lett tilgjengeleg og synleg i inngangspartiet, du henviser besøkande lag til riktig garderobe og du har eit overordna ansvar for å være behjelpeleg mot besøkande.
Du tek også eit ansvar knytt til parkering dersom du opplagt observerer at nokon parkerar i Kiss&Ride sona.
Fairplay-vert
Som Fairplay-vert så er man ein tilgjengeleg observatør på flata i nærleiken av sekreteriatet medan det pågår kamp.
Du har ansvaret for å observere og eventuelt korrigere oppførsel til trenarar, støtteapparat, sekreteriat og publikum. Uønska adferd har du eit ansvar for å rapportere videre til klubben, samt myndigheit til å utvise vedkommende som viser uønska adferd ut av hallen.
Utover dette så har du gjort deg kjent med, og satt deg inn i, infoskrivet knytt til rolla som Fairplay-vert, som du finn her:
Både Hallvakt og Fairplay-vert, i tillegg til alle føresette, skal være godt kjent med foreldrevettreglane: