Handball for alle
I Kvinnherad Handballklubb skal økonomi ikkje vere eit hinder for å drive med handball. Vi ønskjer at alle barn og unge skal få moglegheit til å vere med – uavhengig av økonomi.
Difor oppmodar vi alle som har behov for det om å bruke Fritidskortet.
Om man av økonomisk orsak har behov for støtte utanom kva Fritidskortet dekker så kan man sende inn søknad på skjemaet nedst på sida. Man treng ikkje oppgje grunn eller forklaring, bare kva man treng av utstyr eller anna. Det er også mogleg å prate med vår ressurskontakt.
Kva er Fritidskortet?
Fritidskortet er ei støtteordning frå Kvinnherad kommune for familiar med barn og unge i alderen 6–18 år som treng økonomisk støtte til å delta i organiserte fritidsaktivitetar.
Ordninga er behovsprøvd og tillitsbasert.
Kvart barn kan få refundert inntil 2 000 kroner per halvår (inntil 4 000 kroner per år i prøveperioden).
Ordninga gjev økonomisk støtte til å dekke:
– utgifter til trenings- og medlemskontingent
På sikt er målet å få i gong ei ordning som også kan dekkje:
– deltakaravgift på arrangement
– nødvendig utstyr til aktiviteten
Vi kjem tilbake til dette når det er klart.
Meir informasjon om ordninga finn du på Kvinnherad kommune sine nettsider.
Slik brukar du Fritidskortet hos oss
Kvinnherad Handballklubb brukar Spond til utsending av trenings- og medlemsavgifter. Betaling via Fritidskort skjer gjennom Friskus, og du registrerer betalinga sjølv.
FØR du går i gang inne på Friskus så må du manuelt be klubben om å få generert faktura for årskontigenten. Dette gjør du ved å sende mail til kvinnherad@rvn.handball.no.
I eposten skriv du: Ber om å få generert faktura på årskontigent (årstall) for (barnets navn) til bruk med Fritidskort.
Hei,
Ber om å få generert faktura for årskontigent 2026 for Ole Hansen ifbm. fritidskort.
Mvh Kari Hansen
Les gjennom alle stega før du startar:
- Gå til: https://kvinnherad.friskus.com/
- Trykk LOGG INN øvst til høgre og opprett brukar dersom du ikkje har frå før.
- Opprett Fritidskonto for barnet/barna
(Vel FRITIDSKORT i menyen → Fritidskonto).
Du treng barnet sitt fødselsnummer/D-nummer. - Vel: FRITIDSKORT → Fritidskonto → Betale med Fritidskonto
- Vel arrangør: Kvinnherad Handballklubb
Kontroller at rett kontonummer kjem opp før du stadfestar. - Vel barnet sin Fritidskonto.
- VIKTIG! I feltet «Fakturanummer eller barnets namn» skriv du presist inn fakturareferansen på fakturaen. Døme:
Fakturanr. 20 - Legg inn beløpet du ønskjer å bruke frå Fritidskortet.
- Stadfest betalinga.

Innbetalinga blir automatisk registrert dersom du skriv fakturareferansen nøyaktig slik den framkjem på fakturaen. Om ikkje vil betalinga stå som ubetalt, og du må då ta kontakt med klubben for manuell oppfølging. Unødvendig tidsbruk for både deg og klubb.

Viktig informasjon
- Ver nøye med teksten du legg inn i betalingsfeltet.
- Vi oppmodar om at Fritidskortet i hovudsak blir brukt til større beløp, som kontigent eller turnering, då dette forenklar administrasjonen.
- Det tek normalt om lag éi veke frå du registrerer betalinga i Friskus til klubben mottar midlane.
- Når vi har mottatt betalinga, blir avgifta oppdatert i Spond.
- Har du betalt heile avgifta, blir ho registrert som «betalt».
- Har du betalt delar av avgifta, blir restbeløpet oppdatert i Spond.
Støtte til utstyr og anna som Fritidskortet ikkje dekker
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å drive med handball. Om du og dine har behov for noko som ligg utanfor Fritidskortet sitt omfang så send oss ein søknad på skjemaet under. Det er ikkje anonymt, men du treng ikkje oppgje grunn eller forklaring. Bare kven som treng og kva som trengs.
Ønsker du heller å prate med oss så er du velkommen til å sende oss epost eller ta direkte kontakt med vår ressurskontakt.